Fjærland bondelag har to gonger med fire års mellomrom arrangert Rundballefestival, i samarbeid med kunstnar Magne Vangsnes. Denne bloggen gjer eit forsøk på å samle stoff frå dei to festivalane i 2002 og 2006.

15 august 2006

Velkommen til Rundballebloggen 2006

Det er mindre enn to veker til festivalen, der Land Art med rundballer blir presentert av kunstnar Magne Vangsnes på bøene i Fjærland. Magne Vangsnes har heilt sidan i vår hatt ein løpande dialog med bøndene i jordbruksbygda, for å finne ut deira premissar for kor kunsten skal plasserast. Etterkvart vil vi leggje ut bilete frå festivalen i år, program, bilete frå festivalen for fire år sidan mm. Det er og høve for du som les dette til å komme med kommentarar.

Vel møtt i Fjærland 25 - 27 august!



Foto: Oddleiv Apneseth, Fjærland 2002

Ingen kommentarer: