Fjærland bondelag har to gonger med fire års mellomrom arrangert Rundballefestival, i samarbeid med kunstnar Magne Vangsnes. Denne bloggen gjer eit forsøk på å samle stoff frå dei to festivalane i 2002 og 2006.

15 august 2006

Velkommen til Rundballebloggen 2006

Det er mindre enn to veker til festivalen, der Land Art med rundballer blir presentert av kunstnar Magne Vangsnes på bøene i Fjærland. Magne Vangsnes har heilt sidan i vår hatt ein løpande dialog med bøndene i jordbruksbygda, for å finne ut deira premissar for kor kunsten skal plasserast. Etterkvart vil vi leggje ut bilete frå festivalen i år, program, bilete frå festivalen for fire år sidan mm. Det er og høve for du som les dette til å komme med kommentarar.

Vel møtt i Fjærland 25 - 27 august!



Foto: Oddleiv Apneseth, Fjærland 2002

01 august 2006

Program for rundballefestivalen 2006

Fredag 25.august:
15.00 Seminar ”Hurra for landskapet”, stad: Hotel Mundal.
Med m.a. professor Per Fugelli, geitegründer Jostein Kvåle,
fotograf Oddleiv Apneseth.


Laurdag 26.august, Mundal sentrum:
11.00 Opning ved Bjarte Nordanger, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag
”Avduking” av Magne Vangsnes og bøndene sitt rundballeverk
Rundballefanfare, av komponist Magne Rutle
Ballett for traktor med rundballeklype
11.30 Biobrensel seminar, Biovarme framfor ny energi

Aktivitetar for store og små: ● maskinutstilling ● rundballe- VM (2-mannslag)
● natursti ● riding ● utstilling av dyr ● hinderløype ● førstehjelp for landbruksskader ● vandring i rundballekunsten ● omvising i nytt fjøs ● sal av grillmat, kaffi og kaker
14.00 Biobrensel seminar, Vegen til biovarme
16.15 Premieutdeling og avslutning

20.00 Fest i Bygdahuset med middag, underhaldning og dans. Kåsør: Ole Johannes Øvretveit

Sundag 27.august, Kunsttur:
11.00 Fjelltur Berge- Middagshaugen, for å sjå landskapskunsten ovanfrå. Med turleiar og guide.