Fjærland bondelag har to gonger med fire års mellomrom arrangert Rundballefestival, i samarbeid med kunstnar Magne Vangsnes. Denne bloggen gjer eit forsøk på å samle stoff frå dei to festivalane i 2002 og 2006.

25 februar 2007

Luftige rundballebilder


foto: Oddleiv Apneseth
Sist festival tok Eline initiativ til ei helikopter tur med m.a. fotograf i Bergens Tidende, Oddleiv Apneseth. Oddleiv har som kjend dokumentert både denne og foregåande festival, noko ein ser resultatet av på desse sidene. Når ein ser bort frå fjellturen over Endrefjellet, blei det få sjansar for publikum til å sjå Magne Vangsnes sitt rundballeverk ONN ovanifrå. Desto kjekkare er det å kunne presentere nokre av desse fantastiske bilete. Takk til Oddleiv som har stilt dei til disposisjon!


foto: Oddleiv Apneseth

foto: Oddleiv Apneseth

foto: Oddleiv Apneseth

08 januar 2007

Bilder frå Rundballe-vm


Bønder over rundballar.
Frå rundballe-vm.







Foto: Marit Bendz

12 desember 2006

Frå Rundballefestivalen 2006



Foto: Oddleiv Apneseth

15 oktober 2006

Tale til rundballefesten 26. august, av Fritjof Urdal

Gode Fjærlendingar, rundballefestival deltakarar og andre frammøtte..

Til lukke med festivalen og avlinga. Dette må då vere den skire galskap. Dette å legge 10 000 rundballar i eit system kring heile bygda. Kva er det som gjer at dette er råd og få til? Desse trauste Fjærlands bøndene som ein ikkje skulle tru hadde sans for anna enn mjølkeproduksjon pr foreining. Men der kan ein fort forrekne seg. I Fjærland som andre stader er folk ulike på så mange vis. Når dette er råd og få til for andre gong, så kan det vere eit utrykk for at det er all for mykje keisemd i alvoret og alt for lite alvor i moroa. For sjølv i ei tid som dette, då det meste kan kjøpast ferdig kokt og togge og varmast opp under sakte omrøring på fem
minuttar, så veit vi likevel og at alt som er like gyldig er blitt likegyldig.


Og vi veit at vi vert ikkje lukkelege bere av å le av andre. Difor så trur eg at det å gjere kunst ut av rundballane er ei drift som ligg djupt i oss, vi vil noko meir enn det å berre vere. Vi vil noko ut over det reint rasjonelle. Dette er ikkje nødvendig utifrå rasjonell landbruks drift, det vert ikkje fleire kilo kjøt av vert ikkje fleire liter mjølk. Likevel er det nødvendig. Eg har eit minne frå min barndom. Eg måtte vere med mor mi, ho skulle i sanitets foreining. Eg var lite truande til å ha på sjølvstyr heime. Det var ikkje det eg helst ville for det var ikkje ungar der i tunet. Men ute i eldhuset der sto han Rikard ved høvlebenken og lagde seg nye årar. Der sto eg å såg og høyrde lyden av ein glatt velbrukt høvel mot
tre, lukta av fersk tre og dei lange sponane som krulla seg or høvelen.. Drag etter drag med høvelen. Spente laus og sikta . Skrudde emne fast, og til att med høvelen. Sikta på ny og snudde emnet. Det gjekk ikkje fort. Han Rikard var ein nøyaktig kar. Dei sa om han at han brukte vinkel når han saga ved. Han var heller ikkje av dei som snakka i utrengsmål. Men han svara når han vart spurd. Eg sat på stabben og såg han gjorde seg ferdig med fyrste åra. Saga seg inn, tok fram tollekniven og smidde til årelommen, pussa og stelte, skar inn ein R i enden. "Kafør gjere du ditta." "Da er mi år." So runda han årebladet ytst ute og tok fram eit lite verkty og drog ei fåre langs kanten på årebladet så ein halve tomme innpå på kvar side. "Kafor gjere du ditta." "Eg tykkje de vert penare so". Nei det var ikkje nødvendig. Åra var år god nok utan, men han Rikard tykte det var penare så.

Det er i slike stunder eg minnest ein liten mager mann med ei sliten dokumentveske. I kjellaren i det gamle kommunehuset heldt folkeboksamlinga til. På veggen bak bibliotekaren hekk Ibsen, Bjørnson og Garborg og heldt auge med oss. Det hekk og ein reproduksjon etter eit Goya bilete. Det var nokre fæle uhyre som heldt på og snike seg inn på ein sovande mann. Bibliotekaren var lærar av yrkje og bibliotekar av kall og lyst. Han hadde hengt opp teksten under bilete. "Når mannevettet søv, vaknar uhyra." Det var merket han hadde valdt seg. Han ville halde mannevitet vake. Rette frå seg ei bok så var det ei gåve. Han hadde meiningar om kva folk burde lese. "Eg tykker at du burde lese denne her" då var det berre å take i mot "Går det over haue på folk så får dei bere strekkje på nakken". Han fekk folk til å strekkje på nakken for han hadde tru på folk. Der han sto gjekk fronten. Han brukte ikkje ordet folkeleg nedsetjande. Det var heidersord. Tolstoy og dei andre store dei er folkelege dei. Han vil gje folk det beste han visste. "Les, det er ikkje så nøye om du ikkje skjøna det bere du hugsa det til du treng det, då skjøna du det og. Ein kan lære utan å
forstå, men ein kan ikkje forstå utan å ha lært." "Dinna skal du lese no meda
du er unge", og sende komfermanten avstad med

"Jeg minnest dig når Morgensolen brenner
på havets bly
jeg mindest dig, naar månen lyset sender
fra blege sky
jeg skuer dig når i det fjerne støvet
På veien står
I dybe natt naar ensom mellem løvet
En vandrer går"

Enno set der liner i minne men tittelen er glømd. Ho var eit slite aldra menneske og skulle snart døy. Det var dagar eller bere timar om å gjere. Maskiner tikka og dråpane rann. Lik sanden i glaset" Har du det bra her Helena?" Ja ho hadde det. Dei var så snille dei gjore så vel. "Men les meg eit.. les meg eit dikt eg kan døy til." Men kvar finn ein eit dikt på eit sjukehus? Det er måte på kva ein kan utanboks. No var dei alle farne. Eg skjøna at det var ikkje Kallen og katten ho ville høyre. Ho ville ha eit dikt å døy til.. Det måtte vere noko meir. Eit menneske med eit slitarliv, av kvardagar på ei smal stripe jord mellom fjell og hav. Eit alminneleg menneske var nokon alminneleg der ho var. Men ho ville døy med eit dikt. Det var ikkje dråpane i slangen ho trong mest om no men eit dikt. Men kvar finn ein slikt på eit sjukehus? Kva dikt ho ynskte. Det måtte vel vere eit salmevers, noko med himmel og frelsar til trøst i livskvelden. Det var smått om salmar og når sant skal seiast det var dotte heile linjer og vers ut or. Ho ville ha noko anna. Ho ville ha eit dikt om måsen. "Om måsen? Om fuglen?" Ja, det var det ho ville høyre. Eg kom ikkje på noko dikt om måsen. "Jau" helt ho på. Ho måtte ha vorte tøven. Det var ikkje anna vente. Måsen sør i sundet. Det var det. Alf Larsen; Måkene bygger en katedral over sundet. Det var kan hende ein sommarkveld, med måsen og tera over ein småsild sør i sundet. Kureren sto på med ynskjediktet og Claes Gill las. Kan hende sto ho lenge og såg på fugleflokken som sokk og steig. Såg katedralen reist med spenn og kvelv av kvite venger. Ho som aldri hadde sett ein stein katedral. Men det diktet fekk ho til å sjå det ho ville sjå att.

Kva har det med kvarandre og gjere åra hans Rikard, han med boka under Goya bilete og ho som ville døy til eit dikt om måser, og rundballane i Fjærland?


Denne talen blei helde av Fritjof Urdal, formidlingsleiar på Sogn og Fjordane kunstnarsenter, under festmiddagen på Rundballefestivalen i 2006. Menyen på festen var kålrulettar og rullekake.

10 oktober 2006

Blir vi friskare av rundballar?


Plutseleg var rundballar blitt den store "snakkisen". Det begynte då prof. Per Fugelli påviste samanhengen mellom kulturlandskapet vi lever i og den psykiske helsa vår. Dette førte han ut i ein livleg debatt m.a med kunstnar Karl Erik Haar, i Her og nå, på P1. Så meldte Nationen at Universitet for miljø og biovitenskap (UMB) på Ås vil bruke 22 mill. på å forske på nettopp denne samanhengen mellom landskap og helse, eller for å seie det som på nettsidene til UMB, om vi bli friskare av rundballar. Rundballane blei og gjenstand for debatt mellom kommunalminister Åslaug Haga og arkitekt Finn Sandmæl på "Først og sist" 15. sept. 2006.

28 august 2006

Vellukka festivalhelg

Ein vellukka festivalhelg er over. Høgdepunkta var mange, frå vestlandsrevyen si helikopterferd over markene på fredag til traktorballett med rundballeklype på laurdagen. Dei som fekk med seg seminaret "Hurra for landskapet", fekk høyre Per Fugelli fortelje om kulturlandskapet si betydning for det gode liv, geitebonde Jostein Kvåle, og BT og rundballe-fotograf Oddleiv Apneseth vise bilete frå sist festival. Laurdagen blei innleia med at kunstnar Magne Vangsnes fortalde kva han hadde tenkt med rundballeverket O N N. Fjærland skulekorps spelte Rundballefanfare av Magne Rutle, den hadde dei øvd inn på imponerande kort tid. Så var det m.a. dyreutstilling, Rundballe VM og mykje meir.

Har du bilete du har lyst til å dele med andre? Send e-post til Hilde eller Eline. Eller legg kommentar inn på bloggen!

24 august 2006

Torsdag 24. august: fleire rundballebilete

Tekne onsdag 23. august. Har du bilete du vil sende oss? Send til hilde eller eline så blir det lagt ut her. Det kan vere av rundballer eller noko anna. Stikkord: kulturlandskapet.



18 august 2006

16. august starten: kunst på bøen I

Det er ti dager igjen til Rundballefestivalen, og Magne Vangsnes er idag i Mundal for å plassere rundballar der. Johannes og dattera på to hjelper til. Dei kjører ballene dit Magne har sett opp stikker på førehand, passer nøye på at dei ligg heilt inntil. Kurva blir vakker, understreker formene i landskapet og fjella si verdige ro.