Fjærland bondelag har to gonger med fire års mellomrom arrangert Rundballefestival, i samarbeid med kunstnar Magne Vangsnes. Denne bloggen gjer eit forsøk på å samle stoff frå dei to festivalane i 2002 og 2006.

22 august 2006

Tysdag 22.august: ballebøyum / kunst på bøen II

I dag kjem Magne Vangsnes til Fjærland igjen for å diskutere balleplassering på Bøyum, blant anna hjå bonde Svein Arne Bøyum.

Etterpå skal Magne ut på skulen og ha ein time undervisning for 1.- 7. klasse, om kunst generelt, og Land Art spesielt. Både litt om korleis han jobber, kva han er oppteken av, og kva han vil formidla gjennom arbeidet sin. Elevane får heilt sikkert ein interessant time; Magne er ein svært dyktig og engasjert formidlar, og han har eit spennande blikk / vinkling på daglegdagse situasjonar og omgjevnader som det er så lett å verte husblinde på.
Kanskje er det nettopp difor vi treng kunstnarar?

Ingen kommentarer: