Fjærland bondelag har to gonger med fire års mellomrom arrangert Rundballefestival, i samarbeid med kunstnar Magne Vangsnes. Denne bloggen gjer eit forsøk på å samle stoff frå dei to festivalane i 2002 og 2006.

15 august 2006

Kunsten tek form!

Ein kunstnar.. 25 bønder.. 10 000 rundballar...

I morgon, onsdag 15.8., kjem kunstnar Magne Vangsnes for å rettleie bøndene i Mundal i plasseringa av rundballar. Det blir balleplassering på tre gardsbruk: hjå Knut Mundal, Aamund Mundal, og Johannes E. Mundal.

Plasseringa tek til etter fjøsstellet (frå kl 10 og utover).
Skodelystne er velkomne!

Ingen kommentarer: